Arrangement
2
des

AVLYST: Georg W. Fossum: Deportasjon av norske jødar, 35 mm negativ

Foto: Georg W. Fossum, Oslo hamn 26. november 1942.
Onsdag 2. desember 2020, at 14:30 – 15:30
Nasjonalbiblioteket – Slottsbiblioteket

Etter nye retningslinjer fra Oslo kommune i forbindelse med covid-19 må vi dessverre avlyse dette arrangementet.

26. november 1942 blei 529 norske jødar deporterte frå Oslo hamn. Det tyske lasteskipet «Donau» drog frå Oslo på ettermiddagen og la til i Stettin nokre dagar seinare. Siste stopp var Auschwitz, der dei fleste blei drepne i gasskammera med ein gong. Norsk politi hadde stått for pågripingane.

Denne delen av krigshistoria fekk lenge lite merksemd, og i over femti år kjende ein ikkje til at det fanst nokon fotografi frå deportasjonen. Først i 1994 blei det publisert eit bilete, takka vere ein iherdig journalist. I ettertid er biletet av ei dunkel menneskemengd som ser «Donau» passere Vippetangen i disen, blitt eit ikon for deportasjonen av norske jødar.

Vi ser nærmare på historia til biletet og korleis det er brukt i publikasjonar som aviser, leksikon, historiebøker, romanar, diktsamlingar, teikneseriar og kunstverk. Materialet blir presentert av Harald Østgaard Lund.

I serien «Opplyst – objekt for objekt» ser vi nærmare på dei enkelte objekta som finst i den nye faste utstillinga til Nasjonalbiblioteket. Månadens utvalde gjenstand blir presentert av ein fagekspert, som òg viser fram tilhøyrande materiale.

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå.

Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.