Arrangement
12
nov

Fram med fortida

Foto av Edvard Hoem
Edvard Hoem. Foto: Paal Audestad / Oktober
Torsdag 12. november 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Etter nye retningslinjer fra Oslo kommune i forbindelse med covid-19 vil dette arrangementet foregå uten publikum. Arrangementet strømmes direkte på Facebook og nb.no. 

Edvard Hoem om litteratur og offentlegheit

Kva plass har litteraturen i vår nasjonale historie, og kva har litteraturen å seie for den offentlege samtalen i dag? Er det konsum- og underhaldningslitteratur som tek mest plass, eller er det også rom for dei bøkene som ikkje berre gir leseglede, men òg innsikt, refleksjon og samfunnskritikk – dei bøkene som speglar det samtidige og kommenterer og går laus på samtidsforståinga?

Edvard Hoem er ei markant stemme i norsk litteratur, og bak seg har han eit omfangsrikt og vidfemnande forfattarskap. Dei seinare åra har han hatt stor suksess, hos både lesarar og kritikarar, med ei rekkje utvandrarbøker. I dette foredraget reflekterer han over litteraturen som berar av det historiske minnet, kva det historiske minnet har for verdi i dag, og om suksessen til utvandrarbøkene ikkje kan tyde på ein stor svolt i det lesande publikum etter å finne ut kven vi er og var.

Foredraget er det andre i ei rekkje der Nasjonalbiblioteket inviterer forfattarar til å tenkje rundt litteratur og offentlegheit før og no.