Digitalt arrangment
12
nov

Frå fragment til heilskap – nye moglegheiter for slektsforskarar

Hr. Thesaker med familie. Foto: Narve Skarpmoen. Eigar: Nasjonalbiblioteket
Torsdag 12. november 2020, at 14:00 – 15:00

Slektshistorieverkstad

Dette er eit digitalt arrangement. Du kan følgje med på Zoom her , eller på Youtube her frå klokka 14.00

Historisk befolkningsregister gjer det mogleg å sortere informasjon frå Digitalarkivet på nye måtar. Det som før var spreidde enkeltkjelder, blir slått saman til skildringar av livsløp. Dermed blir det mogleg å fortelje ei historie om mennesket bak oppføringane i kyrkjebøker, folketeljingar og andre kjeldetypar. I dette webinaret viser vi korleis slektsforskarar kan bruke Historisk befolkningsregister til å finne og samle informasjon, og korleis ein kan ta eit steg vidare og skrive artiklar om personane på Lokalhistoriewiki.