Norske vitskapspionerar del 6 av 6

Først og forhistorisk. Jørn Hurum om Johan Aschehoug Kiær

1. november kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Etter å ha studert zoologi og paleontologi i Tyskland blei Johan Aschehoug Kiær (1869–1931) Noregs første professor i paleontologi, ved Universitetet i Oslo. Kiær fekk ansvaret for å bygge opp fossilavdelinga ved Geologisk Museum på Tøyen, og hans mest kjente vitskaplege arbeid var utgravinga av ein rik fauna av kjevelause fiskar og sjøskorpionar på Rudstangen ved Sundvollen. Her fann han i 1911 ein kjempesjøskorpion som fekk namnet Mixopterus kiaeri.

Paleontologen Jørn Hurum ved Naturhistorisk museum er ein av Noregs fremste vitskapsformidlarar og vil for alltid vere knytt til Ida, eit 47 millionar år gamalt apeskjelett som sette verda på hovudet i 2009. I dette foredraget går han opp spora etter sin eigen artsfrende – Johan Aschehoug Kiær.

Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar.

Hugs at du kan sikre deg gratisbillettar til Nasjonalbibliotekets arrangement. Sjå billettlenkje.

Kommende arrangementer

Arrangementsserie 4 av 6

Barrierebrytaren. Dag O. Hessen om Kristine Bonnevie

Tir. 25.september kl.19:00Gratis inngang
Read article "Barrierebrytaren. Dag O. Hessen om Kristine Bonnevie"

Arrangementsserie 5 av 6

Familie, kjønn og makt. Anne Bitsch om Harriet Holter

Tir. 16.oktober kl.19:00Gratis inngang
Read article "Familie, kjønn og makt. Anne Bitsch om Harriet Holter"