Arrangement
15
okt

Filosofi: Vondskap

Foto av Arne Johan Vetlesen og Nikolaj Frobenius
Arne Johan Vetlesen. Foto: Universitetet i Oslo, Nikolaj Frobenius. Foto: Christian Elgvin
Torsdag 15. oktober 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Grunnet vekterstreiken vil dessverre dette arrangementet gjennomføres uten publikum til stede i salen, men det strømmes direkte på nb.no.

Arne Johan Vetlesen, Nikolai Frobenius og Ida Berntsen

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på Facebook og nb.no.

Kva er vondskap? Kor kjem det frå, og kva fortel vondskapen om mennesket? Er vondskap ein form for avvik, eller er det, stikk motsett, eit utrykk for kven vi djupast sett er? Kvifor eksisterar vondskap, og korleis skal vi forholde oss til det? «– Jeg ønsker å lære all verdens ondskap og smerte å kjenne, helt til bunns vil jeg kjenne den, så jeg siden kan leve i sannhet og ikke i løgn», skreiv Jens Bjørneboe i Stillheten frå 1973. I samband med Bjørneboe-jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket ein filosof og ein forfattar til samtale om filosofiske problemstillingar Jens Bjørneboe var oppteken av.

Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo, og har mellom anna skrive bøkene Studier i ondskap og Evil and Human Agency. Nikolaj Frobenius er forfattar av ei rekke romanar, diktsamlingar og filmmanus, mellom anna Latours katalog om tenaren til Marki de Sade. Ida Berntsen leiar samtalen.

 

JENS BJØRNEBOE 100 ÅR
Denne hausten er det 100 år sidan Jens Bjørneboe blei fødd. I utstillinga «Kunsten å gjøre jorden ubeboelig. Jens Bjørneboe 100 år» har Nasjonalbiblioteket tatt utgangspunkt i eit sentralt tema i forfattarskapen: det sårbare livet til mennesket på kloden. I ei rekke arrangement utover hausten vil vi også undersøke fleire emne som opptok Bjørneboe, som fridom, straff, teater, eksistens og vondskap.