Arrangement
19
nov

Filosofi: Sårbarheit

Foto av Ann Heberlein og Sturla Stålsett
Ann Heberlein. Foto: Sofia Runarsdotter, Sturla Stålsett. Foto: Menighetsfakultetet
Torsdag 19. november 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Etter nye retningslinjer fra Oslo kommune i forbindelse med covid-19 vil dette arrangementet foregå uten publikum. Arrangementet strømmes direkte på Facebook og nb.no. 

Med Ann Heberlein, Sturla Stålsett og Ida Berntsen

Kven er det som fell utanfor samfunnet? Som bukkar under for, eller ikkje blir fanga opp av systema, og lett blir offer for utnytting? Kvifor er nokon sterke og andre svake? Er vi fødd sånn eller blir vi sånn på grunn av omstenda?  «(…) som alle ensomme, klamret han seg fast til menneskene», skreiv Jens Bjørneboe om «tyskerungen» Bobbi i Jonas frå 1955. I samband med Bjørneboe-jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket ein filosof og ein forfattar til samtale om filosofiske problemstillingar Jens Bjørneboe var oppteken av.

Ann Heberlein er forfattar og teologie doktor i etikk og har mellom anna skrive boka Jeg vil ikke dø, jeg vil bare ikke leve (2014). Sturla Stålsett er professor i diakoni, religion og samfunn ved MF vitenskapelig høyskole og har mellom anna vore generalsekretær i Kirkens Bymisjon, i 2017 gav han ut boka Religion i urolige tider. Globalisering, religiøsitet og sårbarhet. Ida Berntsen leiar samtalen.

 

JENS BJØRNEBOE 100 ÅR
Denne hausten er det 100 år sidan Jens Bjørneboe blei fødd. I utstillinga «Kunsten å gjøre jorden ubeboelig. Jens Bjørneboe 100 år» har Nasjonalbiblioteket tatt utgangspunkt i eit sentralt tema i forfattarskapen: det sårbare livet til mennesket på kloden. I ei rekke arrangement utover hausten vil vi også undersøke fleire emne som opptok Bjørneboe, som fridom, straff, teater, eksistens og vondskap.