Arrangement
5
nov

Filosofi: Fridom

Foto av Kaja Melsom og Wencke Mühleisen
Kaja Melsom. Foto: Julie Pike, Wencke Mühleisen. Foto: Rolf M Aagaard
Torsdag 5. november 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Etter litt att og fram blir det likevel mogleg for oss å ha publikum i salen på dette arrangementet, men da må ein hente gratisbillett på nb.no før arrangementet. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Arrangementet blir også strøymt på Facebook og nb.no.

Med Kaja Melsom, Wencke Mühleisen og Ida Berntsen

 

Alle vil vere frie, men kva inneber det eigentleg? Er det fridom frå som er viktigast, eller fridom til, og er fridom det same for alle, eller er det avhengig av til dømes kjønn, klasse og etnisitet? «Friheten er at man hvert sekund må velge selv – at ingen i himmelen og på jorden kan hjelpe en med noe», skreiv Jens Bjørneboe i Frihetens øyeblikk frå 1966. I samband med Bjørneboe-jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket ein filosof og ein forfattar til samtale om filosofiske problemstillingar som Jens Bjørneboe var oppteken av.

Kaja Melsom er filosof , forfattar og seniorrådgjevar i Human Etisk Forbund. Ho har blant anna gitt ut boka Den fordømte friheten. Et oppgjør med dagens selvrealiseringstyranni (2017). Wencke Mühleisen er medievitar og kjønnsforskar, og ho har skrive fire romanar. Ida Berntsen leiar samtalen.

 

JENS BJØRNEBOE 100 ÅR
Denne hausten er det 100 år sidan Jens Bjørneboe blei fødd. I utstillinga «Kunsten å gjøre jorden ubeboelig. Jens Bjørneboe 100 år» har Nasjonalbiblioteket tatt utgangspunkt i eit sentralt tema i forfattarskapen: det sårbare livet til mennesket på kloden. I ei rekke arrangement utover hausten vil vi også undersøke fleire emne som opptok Bjørneboe, som fridom, straff, teater, eksistens og vondskap.

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.