Digitalt arrangment
30
nov

Filosofi: Eksistens

Foto av Ole Martin Moen og Vigdis Hjorth og
Ole Martin Moen. Foto: Universitetet i Oslo, Vigdis Hjorth. Foto: Sara Angelica Spilling
Mandag 30. november 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Etter nye retningslinjer fra Oslo kommune i forbindelse med covid-19 vil dette arrangementet foregå uten publikum. Arrangementet strømmes direkte på nb.no.

Med Ole Martin Moen, Vigdis Hjorth og Ida Berntsen

Kvifor finst vi, her på jorda? Kva er grunnen til at vi eksisterer og er medvitne om nettopp det? Og når det no ein gong er tilfellet, kva skal vi gjere ut av liva våre? Kva ansvar har vi, overfor kva og kven? «Jeg ha’kke bedt om å bli født tel verden, og ikke ville mora mi ha meg tel verden, hu heller», seier hovudpersonen Tonnie i Den onde hyrde frå 1960. I samband med Bjørneboe-jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket ein filosof og ein forfattar til samtale om filosofiske problemstillingar som Jens Bjørneboe var oppteken av.

Ole Martin Moe er professor i etikk ved Oslomet og har arbeida særskilt med spørsmål om hedonisme, nyting og grensene for kjøp og sal. Vigdis Hjorth er ein av dei fremste skjønnlitterære skribentane våre, og ho har blitt omtala som ein utprega filosofisk forfattar. Ida Berntsen leier samtalen.

 

JENS BJØRNEBOE 100 ÅR
Denne hausten er det 100 år sidan Jens Bjørneboe blei fødd. I utstillinga «Kunsten å gjøre jorden ubeboelig. Jens Bjørneboe 100 år» har Nasjonalbiblioteket tatt utgangspunkt i eit sentralt tema i forfattarskapen: det sårbare livet til mennesket på kloden. I ei rekke arrangement utover hausten vil vi også undersøke fleire emne som opptok Bjørneboe, som fridom, straff, teater, eksistens og vondskap.