Ekstern arrangør

Erling Sandmo-seminar: Spøkjelse på Helgeland og i Nordhordland

10. november kl. 19:00 - 20:30 Gratis inngang

Informasjon

Jørn Øyrehagen Sunde om historikarens forventingar og dei historiske aktørane

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no.

På midten av 1990-talet gjekk eg heile tida og venta på eit nytt nummer av det idéhistoriske tidsskriftet Arr, i håp om at Erling Sandmo hadde skrive ein ny artikkel. Historiene han valde å skrive, og måten han les dei rettshistoriske kjeldene på, var ei openberring. Slik ville eg òg lese tingbøkene, og slik ville eg òg skrive rettshistorie! Spøkjelse som årsak til og tema i rettssaker på 1600- og 1700-talet er eit typisk sandmosk tema som opnar opp historia og viser fram enkeltmenneske og dei store tidsstraumane på ei og same tid.

For påmelding send fullt namn og telefonnummer på e-post til jakobkh@student.iakh.uio.no

Arrangementet er det femte i ein serie seminar tileigna Erling Sandmo (1963–2020).

Arr.: Institutt for arkeologi, konservering og historie (UiO).

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å halde seg heime.

Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"