Ekstern arrangør
27
okt

Erling Sandmo-seminar: Spøkjelse på Helgeland og i Nordhordland

Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: UiB
Onsdag 27. oktober 2021, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Jørn Øyrehagen Sunde om historikarens forventingar og dei historiske aktørane.

På midten av 1990-talet gjekk eg heile tida og venta på eit nytt nummer av det idéhistoriske tidsskriftet Arr, i håp om at Erling Sandmo hadde skrive ein ny artikkel. Historiene han valde å skrive, og måten han les dei rettshistoriske kjeldene på, var ei openberring. Slik ville eg òg lese tingbøkene, og slik ville eg òg skrive rettshistorie! Spøkjelse som årsak til og tema i rettssaker på 1600- og 1700-talet er eit typisk sandmosk tema som opnar opp historia og viser fram enkeltmenneske og dei store tidsstraumane på ei og same tid. 

Arrangementet er gratis og ope for publikum. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille i forkant på: jakobkh@student.iakh.uio.no. 

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no. Du treng ikkje billett for å sjå den digitale sendinga.

Arrangementet er det femte i ein serie seminar tileigna Erling Sandmo (1963–2020).