Fagseminar

«Erindring af Fjeldreisen i 1820» 200 år seinare

10. november kl. 14:30 - 15:30 Gratis inngang

Informasjon

Materialframvising

 

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. 

«Fjeldreisen» studentane Keilhau og Boeck gjorde med den lokalkjende reinjegeren Urden sommaren 1820, har i ettertid fått status som ei skilsetjande oppdaging i historier om norsk naturvitskap, fjellsport, fotturisme, nasjonalromantikk og målarkunst. Teikningane og akvarellane frå turen er viktige for alle historiene. Nasjonalbiblioteket har både dei første skissene og seinare omarbeidingar og reproduksjonar i fleire ulike teknikkar. Bli med på ei gransking av originalmaterialet som opnar for nye perspektiv etter 200 år med teknologisk utvikling og klimaendringar!

Arrangementet inngår i «Serie 112: kulturarv i miljøperspektiv».

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå.

Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"