Fagseminar

Elektromagnetismen blir oppdaga

1. desember kl. 13:00 - 15:00 Gratis inngang

Informasjon

I spora til apotekar Maschmann

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no. (35 billetter ut på NB.no)

I år er det 200 år sidan den danske fysikaren H.C. Ørsted nærmast tilfeldig oppdaga elektromagnetismen. Den romantiske naturfilosofien postulerte at naturkreftene djupast sett var uttrykk for éi og same urkraft, og mange hadde prøvd å finne samanhengen mellom elektrisitet og magnetisme. Sjølv anerkjende Ørsted berre éin forløpar for oppdaginga si: apotekar Hans Henrik Maschmann og hans eksperiment med det såkalla Diana-treet. Korleis heng dette eigentleg saman? Blei elektromagnetismen nesten oppdaga i Christiania allereie i 1817?

Ernst Bjerke er historikar og samlingsforvaltar ved den historiske boksamlinga til Oslo katedralskole.

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå.

Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"