7
mai

«Ein sann øysterdøl av det gode slaget». Hilde Joramo om Helge Væringsaasen

Bilde av Helge Væringsaasen
FOTO: Portrettfotografi av Helge Væringsaasen (Nyblin, Kristiania) Eier: Anno Museum
Tirsdag 7. mai 2019, at 13:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket

Helge Væringsaasen (1836-1917) var bonde og skogeigar, forretningsmann, radikal venstremann, målmann og føregangsmann innan samvirkerørsla i Noreg. Han var også ein vidfaren samlar, og let etter seg ei boksamling på 60 000 bind, Nordens kanskje største samling skillingsviser og 8000 bilettrykk. Kva fekk ein ulærd storbonde til å bruke rikdommen sin på folkeopplysing, og korleis hamna denne kulturskatten på eit småbymuseum i Østerdalen?

Hilde Joramo er hovudbibliotekar ved Anno Museum Glomdalsmuseet.