Fagseminar
10
mar

Ein religiøs minoritet i Amerika

Postkort av ei luthersk kirke
Postkort av ei luthersk kyrkje i Minneapolis frå slutten av 1800-talet. Frå Nasjonalbibliotekets samling
Tirsdag 10. mars 2020, at 13:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Store Auditorium

Bodil Stenseth om norske lutheranarar

I boka Fru Muus’ klage fortel Stenseth om eit sivilt søksmål, ein kyrkjeleg prosess og ein offentleg skandale. Året var 1880. Tjue år tidlegare hadde Oline og Bernt Muus komme til eit nytt norsk settlement i Goodhue County, Minnesota, for å vere prestekone og prest i ein kyrkjelyd der. Boka byggjer på nytt kjeldemateriale og ein stor sekundærlitteratur, og Stenseth undersøkjer kva religion har å seie i migrasjonstid.

Bodil Stenseth, historikar og forfattar, har gitt ut ei rekkje bøker. I 2017 fekk ho Klassekampens Neshornpris for boka Quislings ran og det allsidige forfattarskapet sitt.