6
feb

Ein ny verdsorden. Øyvind Rimbereid og Jonas Eika

Bilde av Rimbereid og Eika
Onsdag 6. februar 2019, at 19:30 – 20:30
Nasjonalbiblioteket

«WAT vul aig bli / om du ku kreip fra / din vorld til uss?» Både i Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris korrigert og i danske Jonas Eika si novellesamling Efter solen møter vi menneske som lever og arbeider i ein kvardag etter katastrofen, og som gjer seg klare til tida som skal kome – ei tid etter verda og etter språket. Kva for rolle vil individet spele i den nye verda sitt kollektiv? Gjennom motiv og språk som grensar mot science fiction-litteraturen, speglar Eika og Rimbereid vår eiga samtid, med ei særeigen politisk kraft. No møter dei Vagant sin redaktør Audun Lindholm til samtale.

Skandinaviske framtider

Sidan november har Nasjonalbiblioteket sett på korleis framtida har sett ut gjennom fortida si kulturhistorie. Framtida forandrar seg heile tida, og i dag lever vi på mange vis i den røynda science fiction frå fortida har skildra: Kunstig intelligens og algoritmar er ein del av kvardagen vår, menneskeliknande robotar og teknologi som implementerast i kroppane våre, er ikkje lenger fiksjon og spekulasjon. Utviklinga pressar fram store, filosofiske spørsmål: Kva er eit menneske? Og kva for ei verd er vi i ferd med å skape?

Dei siste åra har ein kunne ane eit oppsving i dystopiar og framtidsforteljingar frå skandinaviske forfattarar. Romanar, dikt og noveller om djupe, kollektive medvit integrert i hjerneborken, om klimakontrollerte soner, kyborgar og ein stadig mørkare horisont. Kvifor kjem dette akkurat no? Og korleis stiller denne litteraturen seg til den klassiske science fiction-tradisjonen?

Vi har samla fem skandinaviske forfattarar som har skrive seg inn mot denne tradisjonen, og inviterer til to dagar med samtaler og opplesingar. Kva for litterær og politisk kraft finst i dei fantastiske forteljingane og i science fiction som metode?