9
apr

Ei natt med Venus, eit liv med Merkur. Ellen Støkken Dahl om syfilisens historie i Noreg

Illustrasjon av dame med syfilis og bilde av Støkken Dahl
Johan Ludvig Lostings bilde av en ung mann med syfilis i Carl Wilhelm Boeck og Daniel Cornelius Danielssens verk Hudens sygdomme (1855–62). Foto Støkken Dahl: Anne Valeur
Tirsdag 9. april 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

På 1800-talet blei syfilis stadig vanlegare, og før penicillin var dette ein sjukdom mange døydde av. Lenge var det i staden kvikksølv, eller «mercury», som var den føretrekte medisinen, noko som ofte  må ha gjort vondt verre for pasientane. Prostituerte og folk frå lågare sosiale lag blei oftast ramma, og historia om syfilis er i så måte også ei forteljing om fattigdom og tragiske menneskeskjebnar.

Lege og forfattar av boka Gleden med skjeden, Ellen Støkken Dahl, skriv om syfilis i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.

Serie: Norsk medisinhistorie

På 1700-talet var ikkje Noreg ein sjølvstendig nasjon, men vi hadde like fullt vår eigen sjukdom: radesjuken. Ein sjukdom vi framleis ikkje veit kva var, sjølv om han var rekna som det største helseproblemet i si tid. I gamle dagar var kirurg synonymt med barberar, og det var fyrst på slutten av 1800-talet at du kunne rekne med å få bedøving under ein operasjon. Dette var ei tid då det å bli innlagd på sjukehus var ein risikabel affære, og utbreiinga av syfilis gjorde at naselause individ ikkje var eit uvanleg syn på gata.

På berre hundre år forandra alt seg. Vi gjekk frå brutale sjukdomar til pleie, smertelindring og læking under hygieniske forhold. Denne våren gjev Nasjonalbiblioteket ut boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie. Vi har invitert nokre av forfattarane til å fortelje om dei framstega og feilskjera som har lagt grunnlaget for moderne medisin i Noreg.