28
nov

Direkte frå månen. Erik Tandberg og Anne Grosvold

Bilde av månelanding, Tandberg og Grosvold
Onsdag 28. november 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Neste år er det femti år sidan mennesket tok sitt fyrste steg på månen. Ei heil verd fylgde med då Neil Armstrong og Buzz Aldrin i 1969 sprang i sakte film gjennom det grå månelandskapet. Den direktesende overføringa frå romskipet Apollo 11 skreiv seg også inn i norsk fjernsynshistorie, og har blitt kalla århundrets TV-sending. Romfartseksperten Erik Tandberg blei vår mann på månen, som kunnskapsrik kommentator til fjernsynssendinga i 1969 og i alle påfølgjande år, og har bidrege meir enn nokon til å føre verdsrommet inn i norske stover og barnerom. Tandberg møter no Anne Grosvold til samtale om dei femti åra som har gått sidan månelandinga, og om korleis den direktesende hendinga forma ei heil verd.