Digitalt arrangment
3
apr

Digitalt fagseminar: Anne-Cath. Vestly 100 år

Fredag 3. april 2020, at 10:00 – 11:30

Få andre norske barnebokforfattarar og radiostemmer har sett så tydelege spor etter seg som Anne-Cath. Vestly (1920–2008). Korleis har bøkene blitt tekne imot og snakka om sidan den første boka om Ole Aleksander kom i 1953? Kva stod Vestly for, kva har ho hatt å seie for andre forfattarar, og kva konvensjonar var det ho utfordra? Korleis les vi henne i dag? Nasjonalbiblioteket markerer jubileet med ei utstilling og eit fagseminar med Karin Beate Vold, Anne Helgesen og Agnes-Margrethe Bjorvand.

Dette digitale fagseminaret blir spelt inn heimanfrå via foredragshaldarane sine datamaskiner.

Program

  • Karin Beate Vold: «Anne-Cath. Vestly: En radiostemme som forandret barnelitteraturen
  • Anne Helgesen: «Frihet til å være en annen. Om skuespilleren og dramatikeren Anne-Cath. Vestly og hennes dramatikk.»
  • Agnes-Margrethe Bjorvand: «Verdier i Anne-Cath. Vestlys liv og forfatterskap
  • Sofie Arneberg og Anne Kristin Lande: «Sett fra lufta: Tirilltoppens nettverk

Video kjem her: