13
feb

DH-LAB: Korpusanalyse

Torsdag 13. februar 2020, at 12:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Slottsbiblioteket

Workshop

I workshopen tek vi for oss korleis forskarar kan lage diakrone analysar med tekst frå Nasjonalbiblioteket si digitale samling av aviser og bøker. Vi presenterer konkrete døme på den historiske utviklinga av omgrep, legg fram analysar som er knytte til tyding og endring av tyding, og ser på korleis konteksten til orda i den tekstlege diskursen endrar seg over tid. Verktøyet vi bruker, er Jupyter Notebook. Vi viser kva slags søkjemoglegheiter vi har mot API-et, denne gongen med særleg vekt på aviser. Alle deltakarar må ha med eiga datamaskin.

Påmelding til dh-workshop@nb.no seinast 6. februar.

Med utgangspunkt i den digitale forskingsinfrastrukturen til Nasjonalbiblioteket set serien DH-LAB søkjelyset på innovative analysemetodar og forskingsteknikkar innanfor digital humaniora og samfunnsvitskap.