Arrangement
6
mai

Den store bunadsfesten

Kvinne i bunad
Foto: Solveig Lund
Lørdag 6. mai 2023, at 11:00 – 17:00
Gratis

Bunad frå morgon til kveld med blant andre klesdesignar Jenny Skavlan, kunstnar Ahmed Umar og dei fremste bunadekspertane i landet! 

Bunad er kjenslefylte greier, og no i mai er gleda blanda med angst for kva som møter deg når du henter bunaden i skapet. Har møllen gnaga hòl i stakken? Og kan du bruke dei nye øyreringane eller kule boots til bunad?

Program for dagen

11.00: FIKSEBODER Kom med ketsjupflekkar, faldar som har løsna, og sølv som treng ein puss. Ekspertane våre får deg ut av knipa med hjelp til å stryke, fjerne flekkar, feste tråder og perler. Bunaden skal skine til 17. mai!   

BIBLIOTEK-INSPIRASJON I Nasjonalbiblioteket finst bøker, mønster og kjelder til djupare kjennskap om folkedrakttradisjonane våre. Spesialbibliotekar Siri Røsbak Glosli står klar til å hjelpe deg med å finne skattar frå arkivet.   

KURS I PLATTSØM Femtegenerasjons bunadtilverkar Siri Sveen Haaland brenn for yrket sitt og held verkstad i plattsøm/ ullbroderi. Meld deg på kurset her!  (Kurset er fulltegnet!)

13.00: SPØRJETIME OM BUNAD – GODE RÅD ER GRATIS Korleis skal bunaden hengje i skapet? Kva er ein kjønnsnøytral bunad? Kvifor er Hulda Garborg så viktig for bunadshistoria vår? Ingen spørsmål er for store, og ingen for små, når nokre av dei fremste bunadsekspertane i landet svarar på det vi lurar på, om historie, skikk og bruk.   

14.00: AHMED UMAR OG BUNADEN HANS Kunstnaren elskar norske bunadar, men ville skape noko som spegla hans eiga historie. Drakta han designa, har element frå sudanesiske tradisjonar og Hallingdalsbunaden, og i denne samtala får vi høyre Ahmed fortelje om ideane bak drakta og korleis han samarbeida med norske bunadtilverkarar for å få det til.  

16.00: BUNAD ER MOTE
Klesdesignar Jenny Skavlan og motehistorikar Ragnhild Brochmann filosoferar og undrar seg over magien med den slitesterke forma som får oss til å kjenne oss så flotte, og som stadig når fram til nye folk på nye måtar.    

Dei du kan møte denne dagen, er Joar Vaagø (Bunadtilvirkerne), Hege-Therese Nilsen (husflidskonsulent, Hordaland), Barbro Tronhuus Storlien (tilverkar og styreleiar i Norges Husflidslag), Siri Sveen Haaland (Sidserk), Unni Irmelin Kvam (historikar, Bunadspodden), Ragni Engstrøm Nilsen (konservator, Norsk institutt for bunad og folkedrakt), Siri Røsbak Glosli (spesialbibliotekar, Nasjonalbiblioteket), Jenny Skavlan (designer, Fæbrik), Ragnhild Brochmann (motehistorikar, skribent) og Ahmed Umar (multikunstnar) som blir intervjua av NRKs Christian Scharning.     

Alle arrangementa er gratis, du treng berre å melde deg på kurset i plattsøm om du vil ha plass der. Kafé Å er open heile dagen og byr på rømmegraut og spekemat.

Ta på deg bunaden og kom på fest!