Arrangement
7
okt

Den nye innlandsisen?

Portrett av Carsten Jensen og frimerke/oblat til Nansenpass
Carsten Jensen. Foto: Press forlag. Frimerke/ oblat til Nansenpass. Eigar: Nasjonalbiblioteket
Torsdag 7. oktober 2021, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Carsten Jensen om Nansenpass og flyktningsituasjonen i dag 

Ein gong blei den grønlandske innlandsisen sett på som ein barriere som var umuleg for menneska å komme over. Så kryssa Fridtjof Nansen isen. Seinare forsøkte han å kopiere bragda i internasjonal politikk, både gjennom humanitært arbeid og som frontfigur for Nansenpasset, som skulle bidra til å frakte flyktningar over den innlandsisen som flukt, asyl og eksil ofte utgjer i ein polarisert internasjonal politikk. I dag har vi Middelhavet som parallell, eit hav der titusen av menneske på flukt har drukna, ein innlandsis, ikkje på verdskartet, men i hjarta til folk. Kan vi i dag hente inspirasjon hos Fridtjof Nansen, eller vil ei samtidig utgåve av eit Nansenpass bli avvist som eit Nonsenspass? 

Carsten Jensen er ein dansk forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Han har motteke ei rekke prisar og utmerkingar, og markert seg i kampen for menneskeverd og mot politisk undertrykking.  

***

Arrangementet er ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille ein i forkant. Elles er det først til mølla når dørene opnar.

Viss du ikkje har høve til å bruke billetten din, meld ifrå tilinformasjon@nb.noeller ring 23 27 61 01 slik at nokon andre kan få glede av plassen. 

Arrangementet blir også strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje hente billett for å se den digitale sendinga.

Vi ønskjer at du held deg heime viss du har symptom på covid-19.
Hugs god hand-/hostehygiene, og ta omsyn til dei rundt deg.