3
sep

breathe by quivering leaves. Konsertframføring ved Det Norske Solistkor

Foto av Lene Grenager
Foto: Helge Nordbakken
Tirsdag 3. september 2019, at 18:30 – 19:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Lene Grenager er cellist og komponist. Tittelen på dette verket frå 2017 har ho henta frå Carl von Linné si store, systematiske kartlegging av artar og delar i naturen: Systema Naturae (1795). Verket er inspirert av maiblomst, ormetunge, krekling, soldogg, fargeperikum, gaukesyre, tofrøvikke, firling, dverglin og linnea, og forskjellige aspekt ved plantane er brukte.

Verket til Lene Grenager blir framført av 14 songarar frå Det Norske Solistkor, eit av dei leiande kammerkora i Europa. Framføringa blir ramma inn av kart over Lappland, som Linné reiste i og beskreiv som ung mann.

Arrangementet er del av opningsveka for Nasjonalbiblioteket sitt kartsenter. Les meir på www.nb.no/kartsenteret.