Digitalt arrangment
2
apr

Braaten, dei castbergske barnelovene og meir enn tusen år med urettvise

Torsdag 2. april 2020, at 19:00 – 19:30

Kulturhistorie rett heim! Formiddag og kveld legg Nasjonalbiblioteket ut korte og lange digitale foredrag om nær og fjern kulturhistorie, frå gode formidlarar som fortel rett frå si eiga stue.

I 1911 skreiv Oskar Braaten skodespelet Ungen om den triste lagnaden til arbeidarkvinner i Oslo som fekk barn utanfor ekteskap. Straffeforfølging og sosial utstøyting av slike kvinner gjorde barnedrap – mødre som drap sitt eige spedbarn rett etter fødselen – til den største drapskategorien i Norge frå 1600- til 1900-talet. I 1925 skreiv Braaten Den store barnedåpen, som handlar om den same tematikken, men som er ein komedie. Mellom dei to stykka kom dei castbergske barnelovene av 1915, som likestilte barn født innanfor og utanfor ekteskap. Lovene var dei fyrste i sitt slag i verda, og inspirerte tilsvarande lovgjeving i land som USA og Kina.

Jørn Øyrehagen Sunde fortel om dei castbergske barnelovene som var det avgjerande steget for å få slutt på minst tusen år med brutal handsaming av kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, og barna deira.

Les bøker om og av Oskar Braaten på nb.no: https://www.nb.no/search?q=oskar%20braaten&mediatype=b%C3%B8ker

Foredraget blir spelt inn via foredragshaldaren si datamaskin heimefrå.

Video kjem her, og foredraget startar kl. 19. Følg med!