8
des

«Bønn for drømmen». Hans Børli 100 år

Bilde av band
Lørdag 8. desember 2018, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket

I samband med 100-årsjubileet til Hans Børli har Sigmund Groven tonesett tekster av diktaren. Dette har resultert i verket «Bønn for drømmen», som inneheld 12 dikt. Her er både tidlege dikt med rim og rytme som innbyr til viseformatet, og seinare dikt i fri form som er gjennomkomponerte i ein meir moderne musikalsk stil. Ensemblet består av Sigmund Groven (munnspel), Marianne Bye Granheim (mezzosopran), Maren Myrvold (sopran), Aage Kvalbein (cello) og Ivar Anton Waagaard (piano).

Verket vart urframført 4. juni 2017 ved det årlege arrangementet «Junikveld i Børli».

Biskop emeritus Per Arne Dahl er for mange kjend frå spalta «Under åpen himmel» i Aftenposten. Før konserten vil han snakke om  «Himmelen over Børen sjø», den religiøse dimensjonen i Hans Børlis dikting.