19
sep

Arkivert: Breviarium Nidrosiense og Missale Nidrosiense

Bilde av Brevarium Nidrosiense
Torsdag 19. september 2019, at 19:00 – 20:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

For 500 år sidan, i 1519 – berre nokre få tiår etter at Gutenberg fann opp boktrykkarkunsten – tok erkebiskop Erik Valkendorf initiativ til det som blir rekna som dei to første norske trykte bøkene. I over hundre år har desse bokskattane lege bevarte djupt under bakken på Nasjonalbiblioteket, før dei har vore på Noregs-turné og no blir løfta fram på heidersplass i utstillinga «Lause typar og stramme bind. Norske, trykte bøker i 500 år». Men kva står eigentleg i desse bøkene? Kven las i dei, og korleis ser dei ut? Kva er historia deira?

Bente Lavold og Espen Karlsen er forskingsbibliotekarar ved Nasjonalbiblioteket, og har studert dei to bøkene med lupe. No møter dei historikar Erling Sandmo og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre til samtale.

Fagansvarleg Anne Eidsfeldt gjev ei omvising i utstillinga før arrangementet, kl. 18.00.

Arrangementet er del av programmet knytt til utstillinga «Lause typar og stramme bind. Norske, trykte bøker i 500 år» som opnar 19. september.

Gratisbillettar er tilgjengelege på nb.no frå 5. september.