28
aug

Allmuens opera – «En ny og fornøyelig vise!» Humor i skillingstrykka

Foto av Slaatsveen, Beranek Hom og Solberg
Fra venstre: Kari Slaatsveen (foto: Erika Hebbert), Espen Beranek Holm (foto: Jarle Nyttingnes) og Olav Solberg
Onsdag 28. august 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Humor er ein viktig og tidlaus del av kvardagen, som han også var i glansdagane til skillingstrykka. Det ser ein mange prov på i Nasjonalbibliotekets skillingstrykk. Kveldens arrangement undersøker kva humoren gjekk ut på den gongen, og om den var annleis enn i dag. Kva lo folk av, og kva var humor då som me ikkje kan le av i dag? Professor emeritus i nordisk og forfattar av Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane, Olav Solberg, møter Kari Slaatsveen til samtale, saman med ein av landets mest allsidige komikarar, Espen Beranek Holm. Holm bidreg også med musikalske innslag.