Om NB

Utsmykkinga i Nasjonalbiblioteket

Bygningen er grå på utsida. Men innsida er levande og fargerik.

Inngangshall

Den kvelva himlingen i inngangshallen er vakkert utsmykka med freskar av Emanuel Vigeland, og arkitekturen er tydeleg inspirert av mellomalderkyrkjer. Vigeland var fascinert av både livsfilosofisk og kristent tankegods, og motiva i inngangshallen er delvis henta frå kristen ikonografi. Freskane i taket kransar om ei solforma lysekrone i messing, utsmykka med sommarfuglar og påfuglar. Påfuglfjørene, med dei store auga sine, kan lesast som eit symbol for g uds allvit. Guds auge – det som ser alt – representerer all visdom. Lys strålar ned på tre menn og ei kvinne som er plasserte i dei fire hovudfelta i kvelvinga. Desse kan ein tolke som representative for ulike måtar å tileigne seg kunnskap og inspirasjon på. Felta rundt hovudmotiva elles er tydeleg inspirerte av renessansefreskar som Vigeland studerte då han besøkte Italia i 1905.

Trappehall

Til høgre innanfor hovudinngangen ligg trappa opp til sjølve biblioteket. På venstre søyle i botnen av trappa har Vigeland framstilt Heimskringla, historia om dei norske kongane. På høgre søyle ser ein Magnus Lagabøtes Landslov. Over avbildinga av bøkene ser vi ei kvinne og ein mann som plukkar frukter. I bogen over trappa flyg ei kvit due, eit kjent symbol på Den heilage ande. Ved å velje Heimskringla og Landslova som symbolske berebjelkar for bygget poengterer Vigeland at biblioteket skal forvalte visdommen og kunnskapen til den norske nasjonen. Han framhevar kontinuiteten frå mellomalderen og fram til i dag. Då verket sto ferdig, hadde Noreg vore eit sjølvstendig land i berre åtte år. Behovet for å vise at landet hadde røter til langt tilbake i tid, var stort.

«Freskobrørne»

I 1933 vart det nødvendig å utvide Universitetsbiblioteket, og den norske konsulen i Paris, Peter Krag, donerte ein høveleg sum til utsmykking av trappehuset. To av dei leiande kunstnarane i Noreg, Axel Revold og Per Krohg, også kjende som «freskobrørne», fekk i oppdrag å lage tre freskar med Voluspå som tema. Forteljinga frå Den eldre Edda tek til på venstre side, med Revold si framstilling av dei tre nornene som rissar inn lagnaden til menneska på runetavler. I det neste veggmåleriet, Ragnarok, tek Per Krohg opp opplevingane sine frå den første verdskrigen, då han kjempa på fransk side. Fresken er ei modernistisk tolking av Ragnarok der dei «ekte menneska» blir gjorde til inkjes av menneskemaskiner. Det siste biletet, igjen av Revold, viser ei atterreist og betre verd der menneskeslekta får ein ny sjanse.

Den historiske forankringa til utsmykkinga

Freskane til Vigeland understrekar at biblioteket er posisjonert som den fremste opplysningsinstitusjonen i Noreg, med ein symbolikk som er trygt forankra i den nasjonale historia, ispedd religiøse overtonar. Freskane i trappehuset fører vidare denne tankegangen, samtidig som dei i mykje større grad speglar uroa i samfunnet og den spente internasjonale situasjonen. Spesielt måleriet til Krohg vart urovekkjande aktuelt. Det stod ferdig same året som nazistane kom til makta i Tyskland. Den dystopiske framstillinga til Krohg skulle bli ein ubehageleg profeti, der både kunsten og verkelegheita ymta om at ein ny krig stod på trappene, og at ei fredeleg verd var uendeleg langt unna.

Historia til bygningen

Då Universitetsbiblioteket i Karl Johans gate vart for lite, vart eit nytt universitetsbibliotek sett opp på Solli plass i perioden mellom 1908 og 1914. Utforminga av det nye biblioteket vart gjort i nært samarbeid mellom overbibliotekar Axel C. Drolsum, leiar av Norsk avdeling Hjalmar Pettersen og arkitekt Holger Sinding-Larsen.

Det første byggjetrinnet omfatta frontbygningen og magasina i den vestre fløya. Hovudfløya følgde Drammensveien, no Henrik Ibsens gate. Bygget vart sett opp i tre hovudetasjar på ein grunnmur av fuga, raudleg grorudgranitt, med teglvegger og bjelkelag av betong. Fløyene hadde høvesvis åtte og seks etasjar. I 1933 vart bygget utvida med ei kontorfløy som vart lagd langsetter vestveggen til magasinfløya. Bygginga av austfløya med magasin og den store lesesalen vart starta opp 1939, men på grunn av krigen var dette ikkje klart til innflytting før i 1945. Også desse vart utførte etter teikningar av Sinding-Larsen.

Bokhyllene i stål utgjorde opphavleg berekonstruksjonen i den vestre fløya. Bygningen er prega av høg kvalitet på handverket, med arkitektur som er påverka av monumental, finsk jugendstil og eit meir symmetrisk, klassisk og nybarokt uttrykk i oppbygginga av fasaden. Mellom 1999 og 2005 gjekk bygningen gjennom ei omfattande rehabilitering og modernisering. «Halvbroren», eit bygg på sju etasjar, vart reist i motsett ende av biblioteket. Her er Norsk barnebokinstitutt, Norsk lokalhistorisk institutt og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek lokalisert i dag. Det som tidlegare var lasteplass og bakgard, har vorte ei stor kantine. Utvidinga omfatta også bygginga av tre underjordiske magasin.

Bygningen er eigd av Entra og vart freda i 2013.

Alle foto: Nikolaj Blegvad