Nytt program: Historier som forma offentlegheita

Brev om store kampar, norsk innvandringshistorie og Anne-Cath. Vestly sitt 100 års-jubileum er noko av det du kan oppleve på Nasjonalbiblioteket denne vinteren, saman med eit omfattande program med historier om og frå norsk offentlegheit. Leo Ajkic, Linn Ullmann, Ian Buruma, Olaug Nilssen, Nils Bech, Kari Bremnes, Dag Johan Haugerud, Margreth Olin og Leif Ove Andsnes er blant dei mange gjestane du kan møte før påske.

  • 08.01.2020

–  Mykje av programmet dei neste tre månedane spring ut frå utstillinga Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie, som vil ha ein heilt sentral plass i formidlinga til Nasjonalbiblioteket i åra framover, seier programsjef Eline Skaar Kleven. –  Arrangementa kretsar på ulikt vis rundt spørsmål om kven vi er og kor vi kjem frå, om kva som har vore med på å forme nasjonen vår. Samstundes har vi vore opptekne av å løfte fram historier frå nokre av dei som måtte kjempe for å få ein plass i den offentlege samtala.

Kvinnekamp, arbeidarkamp og kunstnarar som kjemper for brød på bordet er noko av det du får høyre om i arrangementet «Levande brev» den 20. februar. Kari Slaatsveen er programleiar, og Nils Bech akkompagnerer henne og skodespelarane Gisken Armand, Bjørn Skagestad, Henriette Steenstrup og Petter Winther. Camilla Collett sine brev blir vigd eit eige arrangement 6. februar, der litteraturvitar Marius Wulfsberg, historikar Erling Sandmo og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre ser nærare på hennar skildringar frå eit koleraramma Christiania anno 1853.

Leo Ajkic er programleiar i ein heilt ny samtaleserie på Nasjonalbiblioteket i 2020. Serien opnar 4. mars med eit møte med ein av hovudstadens øvste leiarar, varaordførar Kamzy Gunaratnam. Ho kom til Noreg frå Sri Lanka i 1991, og samtalar med Ajkic om sitt møte med Noreg, om kva norsk kultur er og korleis ein blir del av han. Ei viktig periode i norsk innvandringshistorie er sommaren 1971, då fleire hundre pakistanarar kom til landet for å finne arbeid. Journalist Atta Ansari var ein av dei, og saman med brageprisnominerte Shazia Majid deltar han og fleire den 29. januar i ei samtale om korleis denne tidlege innvandringsfasen i Noreg blei opplevd og omtalt.

Det som forma nasjonen

Den 27. februar opnar Nasjonalbiblioteket den permanente utstillinga Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie. For første gong kan folk sjå og oppleve dei mest spektakulære og unike skattane frå Nasjonalbibliotekets samling: bøker, musikk, manuskript, filmar og anna materiale som er publisert for ei norsk offentlegheit frå 1100-talet og fram til i dag.

Frå opninga og fram mot påske presenterer Nasjonalbiblioteket eit omfattande arrangementsprogram som tek føre seg nokre av objekta i utstillinga og forteljingane som spring ut frå dei – forteljingar som har forma vår felles offentlegheit.

Linn Ullmann sparkar i gang programmet 28. februar med eit foredrag om litteraturen og kunsten sin plass i det offentlege. Dagen etter, 29. februar, fortel Jørn Øyrehagen Sunde om Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, eit av dei sentrale objekta i utstillinga.

Før påske blir det også foredrag med Anders Johansen om utvidinga av den politiske offentlegheita etter 1814 (3. mars), Tor Bomann-Larsen fortel om 1905, eit omveltande år i Noregs historie (7. mars) og blant andre Asle Toje og Benedikte Moltumyr Høgberg samtalar om korleis den norske rettsstaten har utvikla seg gjennom hundreåra (12. mars). Den nederlandske historikaren og forfattaren Ian Buruma samanliknar den europeiske offentlegheita i 1945 og i dag (24. mars), medan kviterussiske Evgeny Morozov tek føre seg internett som utopi og dystopi (9. mars).

Ein plass i offentlegheita

Offentlegheita har ikkje alltid vore for alle. Kven som har hatt – og har – tilgang til å forme offentlegheita er også eit tema som blir drøfta i Nasjonalbiblioteket sitt program denne vinteren.

Folkeaksjonen mot kraftutbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget i 1979–1981 førte til store endringar i forholdet mellom samane og den norske staten, og for samanes plass i det offentlege Noreg. 16. mars samtalar sametingspresident Aili Keskitalo, Per Flatberg, Ole Henrik Magga og Silje Ask Lundberg om kampen som førte samar og miljøaktivistar frå heile landet saman.

Tysdag 10. mars møter filmskaparane Dag Johan Haugerud og Margreth Olin skulebyråd Inga Marte Thorkildsen for å snakke om barn sin plass i offentlegheita. Den 2. mars held den britiske vitskapsjournalisten Angela Saini eit foredrag om korleis vitskapen har blitt, og blir, brukt til å ekskludere grupper frå den offentlege sfæren, ut frå eigenskapar som kjønn og rase.

Som ei motvekt til dei borgarlege konversasjonsleksikona kom Arbeidernes leksikon ut i Noreg i åra 1932–1936, og får no plass i utstillinga Opplyst. Den 5. mars samtalar Åsa Linderborg, Jonas Bals og Bjørgulv Braanen om arbeidarrørsla si historie i den norske og svenske offentlegheita.

Salmar og Noreg i a-moll

I utstillinga finst også sentrale originalmanuskript frå norsk musikkhistorie, blant anna Edvard Griegs a-mollkonsert (1869) og Dorothe Engelbretsdatters Siælens Sang-Offer (1687). 31. mars møtast Oslos biskop Kari Veiteberg, Kari Bremnes og Alf Kjetil Walgermo til samtale om salmesong, Engelbretsdatter og kyrkja i offentlegheita. Og 13. mars er Griegs ikoniske a-mollkonsert tema for samtala mellom Leif Ove Andsnes, Ingrid Røynesdal og Erling Sandmo.

Anne-Cath. Vestly 100 år

I 2020 feirar vi 100-årsjubileet til Anne-Cath. Vestly, og det blir også markert på Nasjonalbiblioteket i vinter. Den 13. februar held Olaug Nilssen eit nyskrive foredrag om sin lesnad av den folkekjære forfattaren – som også blir utgitt som bok – i serien «Fortidas folkelesnad». Same dag opnar ei utstilling med ein presentasjon av forfattarskapet hennar i Nasjonalbibliotekets utstillingssal.

Alle arrangementa er gratis og strøymast direkte på nb.no.