Noregs eldste opptak av folkemusikk blir dokumentarv

Ein av voksrullane Nasjonalbiblioteket fekk i gåve frå Tom Valle, og som no blir dokumentarv (foto: Tom Andersen) og sjølvportrett av Narve Skarpmoen.

Voksrullar med dei eldste lydopptaka av norsk folkemusikk er no tatt opp i Noregs dokumentarv. Dei ti voksrullane blei gitt i gåve til Nasjonalbiblioteket i fjor. Då visste ingen at dei inneheldt ein nasjonalskatt.

  • 4.12.2020

Det var samlaren Tom Valle som donerte voksrullane til Nasjonalbiblioteket. Dei hadde vore i hans eige heilt sidan tidleg i 1970-åra, då han kjøpte desse og ei rekkje andre voksrullar hos ein skraphandlar i Oslo.

– Då vi fekk voksrullane, visste vi ikkje kva som var på dei. Det vi fann ut, var oppsiktsvekkjande. Dette er ikkje berre den eldste lydfestinga vi har funne av norsk folkemusikk, men også den første lyddokumentasjonen av hardingfelespel vi kjenner til, fortel leiar for musikkseksjonen ved Nasjonalbiblioteket Richard Gjems.

Etter avspeling og digitalisering av voksrullane på Nasjonalbibliotekets lydlaboratorium i Mo i Rana, klarte fagpersonar i og utanfor Nasjonalbiblioteket å tidfeste opptaka til 1903–1904. Mannen som gjorde opptaka, blei identifisert som pressefotografen Narve Skarpmoen. På opptaka høyrer vi fire lokale hardingfelespelarar frå Sigdal og Numedal som speler slåttar, mens Skarpmoen kjem med oppmuntrande tilrop.

Lydopptaka er ei av seks nye innføringar i Noregs dokumentarv i 2020. I si grunngjeving seier komiteen mellom anna at «Lydfestingen dokumenterer [ … ] lokalt bygdespill, med friere og mer særegen framføringspraksis enn andre kjente fonografopptak av folkemusikk. Opptakene er unike, har stor musikkhistorisk betydning og utgjør i tillegg viktig lydhistorisk dokumentasjon.»

Komiteen offentleggjer dei nye innføringane på ein pressekonferanse fredag 4. desember kl. 11.30.

Narve Skarpmoen (1868–1930) var aktiv i folkemusikkmiljøet i Kristiania rundt år 1900. I dette miljøet møttest mange av spelemennene og dansarane i byen. Skarpmoen spelte sjølv hardingfele, og han var primus motor for kappleikane i Kristiania i 1903 og 1904. Det er sannsynleg at han har gjort opptaka i samband med desse. Skarpmoen skal ha hatt stor interesse for moderne teknologi, og derfor er det rimeleg å tru at han ville bruke fonografen for å gjere opptak av spelemennene, anten det var for å bevare musikken for ettertida, eller for å lære seg slåttane.

Skarpmoen var frå Numedal, same område som fleire av spelemennene på opptaka var frå, og han var ven med dei. I tillegg til Torstein Odden (1869–1959), Halvor O. Kravik (1859-1925) og Steinar Gladheim (1883–1919) er det Anders G. Stubberud (1885–1960) frå Sigdal sine hardingfeleslåttar som no blir bevarte for ettertida.

Lydopptaka kan du høyre på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.