Kulturministeren opnar Bokåret 2019. Nasjonal høgtlesingsdag over heile landet

Laurdag 19. januar går startskotet for Bokåret 2019, med nasjonal høgtlesingsdag. I bibliotek over heile landet vil forfattarar, forteljarar, leseombod, lokale entusiastar eller bibliotekarane sjølve lese tekstar dei er glade i for alle som vil høyre på. Kulturminister Trine Skei Grande klipper snora for bokåret på ei markering i Nasjonalbiblioteket.

  • 15.01.2019

– Høgtlesingsdagen blir fellesstarten for eit heilt år der vi skal boltre oss i litteratur, lesing og leseglede. På høgtlesingsdagen kan du ta med deg ein ven, ein kopp kaffi eller strikketøyet og ta inn litteraturen slik han i tidlegare tider blei overlevert: frå munn til øyre, seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Gulbrandsen.

Kulturminister Trine Skei Grande kjem til Nasjonalbiblioteket denne dagen, for å markere opninga av bokåret saman med forfattarane Vigdis Hjorth og Thorvald Steen og Liv Gulbrandsen, som vil  lese høgt frå ein tekst dei har stor kjærleik til.

Bokåret 2019 markerer 500-årsjubileet for dei første norske trykte bøkene. Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense ble trykte høvesvis i København og Paris i 1519.  Den første er ei messebok for Noreg, mens den andre er ei handbok i liturgiske seremoniar for prestar. Begge bøkene står på lista over den norske dokumentarven.

500 bibliotek over heile landet har fått støtte til å gjennomføre til saman 1500 arrangement som skal auke lesing og leselyst i Bokåret 2019. Andre organisasjonar som fremmar lesing har også fått støtte til leselystprosjekt. Til saman gir Nasjonalbiblioteket 30 millionar kroner til dette formålet.