logo

Personvern

Generelt om personopplysningar

I utgangspunktet er det ikkje lov å bruke personopplysningar utan at den det gjeld, først har gitt samtykke til det.

Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til ein enkelt person. Det vil til dømes seie at namn, alder, adresse og telefonnummer er personopplysningar dersom dei kan knytast til ein person.

Samtykket skal vere gitt frivillig og kan når som helst trekkjast tilbake.

Der det er personopplysningar om personar under 15 år som skal brukast i bidraget, bør dei føresette òg gi samtykke til bruken.

Innsamling og bruk av personopplysningar er regulert av personopplysningslova (lov om behandling av personopplysninger av 14. april 2000).

Bilete av personar

Bilete og filmopptak der det er råd å kjenne igjen ein person, er personopplysningar sjølv om det ikkje står noko namn ved biletet.

Bruken av personbilete er regulert både av personopplysningslova og åndsverklova § 45c. Etter åndsverklova § 45c kan ein ikkje gi att fotografi av ein person eller vise det offentleg utan samtykke frå denne personen. Unntak kan mellom anna gjelde når personen er på eit fotografi som gir att forsamlingar, hendingar o.a. som har allmenn interesse.

Dersom fotografi eller filmopptak av personar skal brukast i bidrag til konkurransen, må altså personane på biletet som hovudregel informerast om korleis biletet eller filmopptaket er tenkt brukt, og dei må gi løyve til bruken.

Lydopptak

Dersom ein intervjuar nokon og tek opptak av samtalen, må ein vere klar over at personopplysningar kan ha blitt formidla munnleg. Når opptaket skal nyttast i eit konkurransebidrag, må den opplysningane gjeld, gi løyve til bruken.


Ta kontakt om noe er uklart!
sprakar@nb.no


Opphavsrett

Kva er opphavsrett?

Opphavsrett er ein einerett som skaparen av eit åndsverk har til det ho eller han har skapt. Til dømes kan tekstar, måleri, fotografi, musikk, film og munnlege presentasjonar vere åndsverk. Reglane om opphavsrett står i åndsverklova (lov om opphavsrett til åndsverk m.v. av 12. mai 1961 nr. 2).

Å ha opphavsrett til eit åndsverk vil for det første seie at ein er verna mot at andre kopierer verket, til dømes ved å avfotografere tekst eller bilete, ta lydopptak av musikk eller tale eller lagre eit åndsverk på minnepinne eller anna lagringsmedium. Vernet mot kopiering gjeld òg omarbeiding av verket og der ein gir att verket i endra form.

For det andre har opphavsmannen til eit åndsverk einerett til å gjere eit åndsverk tilgjengeleg for ålmenta ved å spreie det, vise det eller framføre det. Åndsverk som blir brukte i konkurransebidraget, også bidrag som i seg sjølve er åndsverk, vil bli gjorde tilgjengelege for ålmenta når bidraget blir sendt inn til Nasjonalbiblioteket og blir publisert på Internett.

Publisering av åndsverk på Internett er både kopiering og tilgjengeleggjering for ålmenta og krev samtykke frå opphavsmannen.

Kor lenge varer opphavsretten?

Opphavsretten varer i 70 år etter at opphavsmannen er død (vernetid). Når vernetida er ute, står ein fritt til å bruke verket utan å be om løyve frå rettshavaren.

Kven har opphavsrett?

Opphavsrett oppstår hos den som skaper åndsverket (opphavsmannen), det vil seie den som skriv ein tekst, målar eit bilete eller tek eit fotografi. Opphavsrettar kan overførast til andre, og derfor kan det i nokre tilfelle vere rett å spørje andre enn opphavsmannen om lov til å bruke verket. Det gjeld til dømes der opphavsmannen er død og arvingar har overteke opphavsretten.

Det kan vere fleire opphavsmenn til eit åndsverk. I eit lydopptak av eit intervju har både intervjuaren og intervjuobjektet opphavsrett til opptaket. Ved intervjuopptak må derfor den som blir intervjua, informerast om at det blir gjort opptak, og kva opptaket skal brukast til. Den som blir intervjua, må samtykkje i bruken av opptaket før det kan nyttast som bidrag i konkurransen.

I tillegg til åndsverka er prestasjonane til utøvande kunstnarar verna, til dømes musikk som blir framført av songarar og musikarar, eller diktopplesing. Ein utøvande kunstnar kan ikkje framføre åndsverk som andre har skapt, utan at det er avtalt med den som har opphavsretten til verket, eller utan at det er rettsleg grunnlag i åndsverklova for utnyttinga.

Den som har laga eit bidrag til konkurransen, har sjølv opphavsretten til bidraget så lenge bidraget er verna som åndsverk. Det vil seie at ein sjølv bestemmer om bidraget skal kopierast eller gjerast kjent for andre enn familie og nære venner. Når bidraget blir sendt inn til Nasjonalbiblioteket, har ein samtykt i at det blir publisert på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

Løyve til å bruke åndsverk

Dersom ein skal bruke eit åndsverk som andre har rettar til, må ein i utgangspunktet hente inn løyve frå opphavsmannen. Det gjeld til dømes der ein gir att tekst, fotografi, film og musikk som andre har skapt, i bidraget som ein sender inn i konkurransen. Dersom konkurransebidraget likevel er eit nytt og sjølvstendig verk, kan det brukast uavhengig av det opphavlege åndsverket.

Ofte vil opphavsmannen ha betaling for å bruke åndsverket og stille krav til korleis bruken av verket skal skje.

Når ein bruker andre sitt åndsverk, har ein plikt til å oppgi namnet til den som har skapt det, både på eksemplar av verket og når det blir gjort tilgjengeleg for ålmenta. Andres åndsverk kan ikkje endrast eller gjerast tilgjengeleg på ein måte som er krenkjande for namnet og ryktet til opphavsmannen eller verket.

Når er det ikkje nødvendig å be om løyve til bruk?

Det finst reglar i åndsverklova som gjer det mogleg å bruke åndsverk utan å be om løyve frå opphavsmannen.

Ein slik regel er retten til å sitere frå åndsverk i samsvar med god skikk og i den grad formålet krev det. Det vil seie at ein kan bruke delar av åndsverk i konkurransebidraget når det er nødvendig for å vise kva språk deltakaren møter i kvardagen.


Ta kontakt om noe er uklart!
sprakar@nb.no