Fag
2009-06-10: "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" 1. august


1. august samlar om lag 100 kvinner seg på Sognefjellet for å vise framsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" Nasjonalbiblioteket saman med Lom og Vågå kommunar har gleda av å invitere deg til Sognefjellet og den andre av fire nasjonale jubileumsframsyningar i høve 150-årsjubileet for Knut Hamsun sin fødsel.




Sognefjellet fylles av kvinner i gule kjolar. Blant dei Ane Dahl Torp, Liv Bernhoft Osa og Marit Østbye. Ramma inn av fjell, korverk, fele, barnegråt og bylydar møter vi Markens grøde sett gjennom auga til fem framståande norske samtidsforfattarar.

Gro Dahle, Vigdis Hjort, Maria Tryti Vennerød, Herbjørg Wassmo og Hanne Ørstavik blei inviterte til å koma med ein reaksjon på nobelprisromanen frå deira perspektiv som skrivande kvinner i 2009. Det er kjærleik, sarkasme og refleksjon.

Regi er ved Kjersti Horn/Riksteatret. Musikken vert komponert av Erik Hedin.

Kom til vakre Gudbrandsdalen, der Hamsun vart fødd og levde dei første åra sine, og opplev dette storslagne møtet på tvers av tida! Sognefjellet 1. august klokka 15.00.

Kontakt:
Hamsun 2009 v/prosjektkoordinator Marte-Kine Sandengen
Tlf. 23 27 60 60 / 900 90 765
E-post: marte-kine.sandengen@nb.no eller hamsun@nb.no

Les meir på hamsun.no

Hamsun 2009 | Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, 0255 Oslo
tlf: 23 27 60 60 e-post: hamsun@nb.no
www.hamsun.no | www.nb.no



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.