Fag
Mediateket - film


Foto: Tore Haugen (Lars Nordrum) og Tore Næss (Inger Marie Andersen) møtest over bøkene i Kvinnens plass (Nils R. Müller, 1956)

Nasjonalbibliotekets filmsamling er den største samlinga av norsk filmmateriale i landet. Samlinga omfattar bøker om filmteknikk, teori, analyse, historie, sjanger, manus, regissør- og skodespelarbiografiar og medievitskap. Vi abonnerer på ei rekkje fagtidsskrift. I tillegg finst det ei eiga samling av eldre tidsskrift som går heilt tilbake til 1918. Mange filmmanus er publiserte i bokform og inngår i boksamlinga. Vi har i tillegg ei større samling av upubliserte norske filmmanus. Ei oversikt over desse finst i kortkatalogen til biblioteket. Manus er ikkje til utlån, men du kan lese dei i biblioteket.

I Mediateket er det òg mogleg å sjå film på video. Vi har ei stor samling norske filmar, både langfilmar, kort- og dokumentarfilmar. Vi er òg godt i gang med å byggje opp ei samling av utanlandske klassikarar. Filmane er førebels registrerte i ulike basar, og du kan dessverre ikkje søkje i desse basane online. Ta derfor kontakt med Mediateket om konkrete filmønske, så sjekkar vi basane. Det er vanlegvis ikkje nødvendig å bestille plass for å sjå video. Men dersom du vil vere sikker, kan du bestille på førehand. Vi har to videoplassar i biblioteket, for ein til to personar, og vi har òg ein minikino for små grupper. Dersom du er forskar og ønskjer å sjå norske filmar som ikkje er på video, men berre på film, formidlar vi kontakt med filmarkivet. Du kan ikkje låne filmane med heim, men må sjå dei i biblioteket.

I Mediateket får du tilgang til desse spesielle filmdatabasane:


Foto: Den norske filmpioneren Ottar Gladtvet fotografert i høve ein ekspedisjon som resulterte i Blandt Syd-Amerikas urskovsindianere (1922) (Biletet er teke i 1920)

I Film Indexes Online finst tre basar:
FIAF: internasjonal base som inneheld filmlitteratur i tidsskriftartiklar.
Film index international: inneheld både opplysningar om filmane og referansar til litteratur.
AFI Catalog: inneheld detaljerte opplysningar om filmar produserte i USA mellom 1893 og 1971.

Dessutan:
Filmlex: norskprodusert base, inneheld mellom anna informasjon om distribusjon på kino, video og fjernsyn.
Film & Television Literature Index with Full Text: internasjonal base som inneheld både referansar og litteratur i fulltekst.
Du må vere i Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, for å bruke desse basane.

I Mediateket er det studieplassar og datamaskinar som er tilgjengelege for søk i Nasjonalbiblioteket sine digitale samlingar, søk på internett og i diverse digitale oppslagsverk.

Kontakt:
E-post: Mediateket / tlf. 23 27 60 43
Post: Mediateket - film, Nasjonalbiblioteket, Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo



Filmdokumentasjon er eit arkiv som har som oppgåve å samle inn, bevare og formidle dokument som er knytte til den norske filmarven, og til utanlandske filmar framsynt i Noreg.
Les mer ...



Her finst eit lite utval lenkjer med filmstoff. Dei fleste er godt etablerte databasar, med stort omfang av filmografiske opplysningar.
Les mer ...



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak