Fag
Norsk biografisk selskap: Narve Fulsås: Kva for ein Ibsen? Brev som kjelde til forfattarbiografiar.
onsdag 15 feb 2012




Norsk biografisk selskap inviterer til møte:
Kl. 18 i Auditoriet, Nasjonalbiblioteket

I økonomisk og sosial forstand var Henrik Ibsen ei eventyrleg borgarleg suksesshistorie. Men borgarleg suksess er kunstnarleg problematisk, og i sin dramatikk gjorde Ibsen alt anna enn å hylle det borgarlege livets føremoner og fortenester. I breva sine skapte han ein forfattaridentitet som står i kontrast til den økonomisk-sosiale suksesshistoria, og der dei sentrale elementa er motgang, miskjenning og eksil. Ibsen lykkast i å gjere denne livssoga til den dominerande konteksten for sin forfattarskap, og den har seinare prega ikkje berre Ibsen-biografien, men heile vår forståing av det moderne gjennombrotet.

Kommentar ved Arnhild Skre.
Møtet er åpent for alle!



Alle arrangement og utstillinger ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.