
Konferanse 16.– 17. februar
Nasjonalbiblioteket organiserer ein internasjonal tverrfagleg konferanse om brev den 16.-17. februar 2012. Utgangspunktet for konferansen er at brev er ein kjeldetype som blir utnytta og har fokus innafor fleire disiplinar, t.d. medievitskap, litteraturvitskap og historieforsking. I Nasjonalbiblioteket og andre arkiv finst det store brevsamlingar som kan aktualiserast innafor alle desse fagfelta. Samstundes gjer den medieteknologiske utviklinga at brevsjangeren er i endring. Dei nye digitale ”brevformata” representerer ikkje berre interessante utviklingar i medievitskapleg eller sjangermessig forstand, dei utfordrar også arkiva. Dette er startpunktet for konferansen, der Nasjonalbiblioteket har som mål å føre ulike fagfolk saman for å samlast om eit viktig forskingsmateriale som no er i radikal endring.
Konferansen foregår på engelsk.