Etter ein diskusjon på biblioteknorge-lista sist fredag har vi fått førespurnad om å utarbeide nye retningsliner for bibliotekareale, og oppmoding om å publisere dei gamle retningslinene for fag- og forskingsbibliotek som var på høyring i 1999.Når det gjeld normer for biblioteklokale for folkebibliotek forsvann dei omtala minimumsstandardane allereie då vi fekk Lov om folkebibliotek i 1985. Utkast til nye retningsliner frå Riksbibliotektjenesten (RBT) kom på høyring i 1999. RBT tok en aktiv beslutning om ikkje å fylgje opp saka. Grunngjevinga var at ulike bibliotek har ulike behov. ABM-utvikling valde å fylgje den same lina.
Vi ser ingen grunn til å gjere om desse beslutningane.
Men Nasjonalbiblioteket (tidlegare ABM-utvikling) har vore representerte i det internasjonale ISO-arbeidet om utvikling av standardar for biblioteklokale. Desse standardane vert ferdige nå i 2011, og vi trur at dei kan bli til god hjelp for biblioteka.