Dustefjerten – ei bok for små hendingar og store tankar
Rune Belsvik, Dustefjerten, Cappelen, Oslo 1991, illustrasjon: Marius Renberg| < 31 | 31-40 | 41-50 | 51-60 | > 60 |
”For det må vel vera den største kunsten av alle: Å leva godt. Og ikkje sitja med beina i bekken og venta på eit anna liv.”
Dustefjerten og dei andre fantastiske figurane bur i eit lite land med ein bekk som sildrar og renn. I bøkene finn ein tekstar fylde av poesi og kvardagslege gjeremål, undring over små og store spørsmål i livet, og spanande og eventyrlege forteljingar i eit mikrounivers som har vekt like stor begeistring og glede hos dei vaksne som les som for borna. Rune Belsvik har skrive bøker for både born og ungdom i meir enn tjue år. Bøkene om Dustefjerten har allereie vorte klassikarar innan norsk barnelitteratur, dei er dramatiserte, omskrivne til opera ”Dustefjerten – ein opera om lengten, kjærleiken og marsipanen” og har fått fleire prisar.
Leikny Haga Indergaard
direktør bibliotekutvikling
