Spørsmål og Svar
Kva meiner vi med "allment tilgjengeleg"?
Dersom dokumentet blir lagt ut for sal, utleige eller på annan måte blir spreidd utover ein avgrensa, slutta krins, er det allment tilgjengeleg. Reint bedriftsinterne dokument er likevel ikkje avleveringspliktige, men det er derimot dokument som blir spreidde til medlemane i ein open organisasjon. Er du i tvil, kan du sende eit eksemplar merka "Til vurdering" eller ta direkte kontakt med oss!
Eg er i tvil om publikasjonen eg gir ut, er avleveringspliktig. Kva gjer eg da?
Du kan sende eitt eksemplar til Nasjonalbiblioteket, Pliktavlevering, og merke sendinga "Til vurdering". Adressa finn du her. Eller du kan kontakte oss direkte.
Publikasjonen vi tidligare gav ut på papir, finst no berre på Internett. Korleis avleverer vi da?
Nasjonalbiblioteket lastar automatisk ned nettpublikasjonar på det norske domenet (.no) Dersom du gir ut en nettpublikasjon som ikke ligger på .no eller som krever passord og/eller betaling må vi laste den ned separat. Send ein e-post med URL til oss, slik at vi blir merksame på publikasjonen.
Hvilke regler gjelder for digitaltrykkerier og publikasjoner produsert ”on demand”?
Ifølge Lov om avleveringsplikt skal utgiver avlevere fem eksemplarer av allment tilgjengelige dokumenter til Nasjonalbiblioteket. Når det gjelder bøker trykt ”on demand”, så kan imidlertid antallet eksemplarer som er framstilt være så lite at det vil være urimelig å skulle kreve fem eksemplarer avlevert. Nasjonalbiblioteket har derfor inngått spesielle avtaler med noen produsenter. For mer informasjon, ta kontakt med oss.
Kva skjer med publikasjonane som blir avleverte?
Bøker, tidsskrift, aviser, elektroniske dokument, musikk og kombinerte dokument blir registrerte i bibliotekbasen Bibsys. Nasjonalbiblioteket tek sjølv vare på tre eksemplar. Eitt av desse går til sikringsmagasinet vårt, eitt blir utlånseksemplar i Depotbiblioteket, og eitt blir tilgjengeleg ved lesesalen i Oslo. Dei fire siste eksemplara sender vi til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.
Brosjyrar og liknande publikasjonar tek vi inn i berre to eksemplar. Eitt går til sikringsmagasinet og eitt er tilgjengeleg i småtrykksamlinga. Desse publikasjonane blir ordna etter utgjevarane sine fagområde. Dette betyr at vi berre registrerer kva utgjevarar vi har motteke materiale frå, ikkje kva småtrykk vi har motteke.
Elektroniske dokument blir lagra i Nasjonalbiblioteket sitt digitale sikringsmagasin.
Kan eg låne dokumenter frå Nasjonalbiblioteket?
I utgangspunktet skal du gå til det lokale biblioteket ditt (folkebibliotek eller fagbibliotek). Har ikkje dei det du treng, kan dei vende seg til Depotbiblioteket for fjernlån. Dersom du er i Oslo, er eitt eksemplar tilgjengeleg ved lesesalen vår der. Om det skulle vise seg at ikkje andre eksemplar er tilgjengelige, kan vi ta kopi av sikringseksemplaret.
Det eg gir ut har berre lokal interesse. Kvifor skal de bry dykk med dette?
Lokale utgjevingar er av det mest etterspurde materialet. Ofte er det svært vanskeleg å få tak i slik litteratur, og mange utgjevarar har merka auka interesse for publikasjonane sine etter at vi har registrert dei i Bibsys og sendt universitetsbiblioteka deira eksemplar.
Kva med interne publikasjonar?
Publikasjonar spreidde berre internt i ei verksemd er ikkje avleveringspliktige. Men publikasjonar som blir spreidde internt i ein organisasjon som er open for alle, er derimot avleveringspliktige.
Korleis får jeg ISBN, ISSN eller ISMN?
For ISBN - send e-post eller ring ISBN-kontoret på 75 12 11 48
For ISSN - send e-post eller ring ISSN-kontoret på 23 27 61 00
For ISMN - send e-post eller ring ISMN-kontoret på 23 27 60 57
Skal alle radio- og TV-kanalar avleverast?
Det er berre NRK som har plikt til å levere opptak av alle sendingane sine. Andre kanalar med konsesjon for å sende radio eller TV i Noreg, skal levere på oppmoding. Vi har ståande avtale om avlevering frå TV2, TVNorge, P4 og Kanal 24, dvs. alle dei riksdekkjande kanalane. Dei lokale TV-stasjonane skal levere fem veker i året. Det er viktig at nye riksdekkjande kanalar melder seg for oss for å få avklart om dei skal levere.
Kva skjer med kringkastingsprogram som blir avleverte?
Opptak av kringkastingsendingar blir registrerte på kanal og dato. Gjenfinning av program og innslag er mogleg i den grad kringkastaren veit når programma vart sende. Vi kan framstille kopiar til lesesalslån for bruk til forsking og dokumentasjon.