- Nasjonalbiblioteket har i følgje Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument ansvar for å samle inn alle lydopptak utgjevne i Noreg.
- Dette omfattar alle utgjevingar som er gjort allment tilgjengelege av norskregistrerte plateselskap, så vel som private utgjevingar.
- Lydopptak blir i denne samanhengen definert uavhengig av medium og omfattar alt frå vinylplater, kassettar og cd-ar til digitale filer distribuert over nett.
Korleis skal det avleverast?
- To eksemplar av alle utgjevingar skal sendast vederlagsfritt til Nasjonalbiblioteket.
- Med kvart pliktavlevert lydopptak skal det følgje opplysningar om utgjevar (plateselskap), distributør og opphavsrettar.
- For digitale filer distribuerte over nett vil vi tilby ulike løysingar for avlevering etter avtale eller i form av vevinnhausting.
Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana
Kva skjer med avleverte lydopptak?
Det eine eksemplaret blir oppbevart i Nasjonalbiblioteket sitt sikringsmagasin i Rana. Under optimale bevaringsforhold blir materialet sikra for ettertida.
- Det andre eksemplaret blir nytta som publikumseksemplar i Norsk Musikksamling ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. Dette eksemplaret blir ikkje lånt ut, men publikum kan lytte på det i eigne lytterom.
- Alle avleverte lydopptak blir registrerte i nasjonaldiskografien, ei oversikt over norske utgjevingar som Nasjonalbiblioteket har utarbeidd frå 1990 og framover.
Kontaktinformasjon:
Brosjyre om pliktavlering av lydopptak (pdf-format)
Acrobat Reader lastar du ned gratis.
NB: Utgivere som leverer til Phonofile, se her for viktig informasjon!