19

april

Konferanse: Kjønn i bevegelse

Konferanse arrangert av Norsk biografisk selskap og Nasjonalbiblioteket

fredag 19. april–lørdag 20. april

Må ein vera kvinne for å biografera kvinner? Må ein vera mann for å skriva eit manneliv? Korleis pregar førestillingar om kjønn den biografiske litteraturen? Og kva skjer når biografane kryssar desse konvensjonsgrensene og skriv om ein av motsett kjønn? 

Landet feirar at stortingsmennene for hundre år sidan etter grundig debatt tilkjende alle kvinner rett til å røysta også ved stortingsval. Norsk biografisk selskap og Nasjonalbiblioteket markerer denne oppløysinga av ei kjønnsgrense med å sjå nærare på kjønnsbilda og kjønnsgrensene i biografilitteraturen. Fredag 19. og laurdag 20. april arrangerer vi konferansen Kjønn i bevegelse i Nasjonalbiblioteket med  forelesningar og foredrag. 

Første konferansedag arrangerer vi også biografislam der biografar får nøyaktig fire minutt på seg til å presentera sitt work in progress. Konferansen er gratis og inkluderer lunsj fredag. Fellesmiddag om fredagskvelden betalar deltakarane sjølve.

Sjå fullt program.
____
Påmelding til: biografikonferanse@nb.no 

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.