24

nov

Filmkomponisten Gunnar Sønstevold: "Det brenner i natt"

Kl. 12 i Mediatekets minikino

Vising av filmen Det brenner i natt!
Arne Skouen, 1954, 96 min.
I rollene: Claes Gill, Elisabeth Bang, Harald Heide Steen m.fl.
Filmen vil bli vist på video.

Filmen blir også vist: torsdag 29.11. kl. 17.00

Det brenner i natt! hadde premiere på Klingenberg i Oslo i januar 1955. Tim, korrekturlesaren i ei dagsavis i Oslo har ei nattleg side som pyroman. Den einaste som kjenner til problemet er barndomsvennen, som også er redaktør i avisa. Sosialsekretæren Margrethe blir etter kvart vikla inn i situasjonen og endar opp som fortruleg for Tim. Samtidig er ein journalist i avisa på sporet av hemmelegheita, som blir vanskelegare å halde skjult når Tim forstår at Margrethe berre er del av ein redningsaksjon.

Gunnar Sønstevold vart etter kvart eit velkjend namn på rulleteksten i Arne Skouen sine filmar, og var komponist på 16 av dei totalt 17 filmane han regisserte. Musikken til Det brenner i natt! resulterte i at Norsk Filmkritikerlag for første gong delte ut kritikarprisen til ein komponist. Som filmkomponist ville Sønstevold understreke intensjonane til regissøren og fungere som ei forlenga arm, noko som gjorde det naturleg at musikken ikkje var ein sjølvståande del av filmen, men byggjer opp om og forsterkar innhaldet. Musikken i Det brenner i natt! viser dette tydleg, der dei eksperimentelle klangane understrekar Tim sin eksistens på sida av samfunnet, medan dei reine akkordane med lystig undertone forsterkar Margrethe sitt ønskje om å hjelpe han ut av den psykiske tilstanden han er i.

Grunna avgrensa tal på plassar i minikinoen, anbefaler vi at publikum sender e-post til minikino@nb.no eller ringer 23 27 60 43 for å førehandsreservere seter.

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.