28

jan

Alfred Fidjestøl: Frå Asker til Eden. Historia om Asker-kretsen

Alfred Fidjestøl
Foto: Samlaget

Kl. 18–20 i "Slottsbiblioteket" (gamle auditorium)  

Frå Asker til Eden.  Historia om Asker-kretsen  
Foredrag ved Alfred Fidjestøl som hausten 2014 kjem med ein kollektiv-biografi om Asker-kretsen på Det Norske Samlaget.  Alfred Fidjestøl er journalist, filosof og forfattar. Han har skrive bøker om Hans Jonas, Per Sivle og var i 2013 Bragenominert for 100-årssoga om Det Norske Teatret.

Den såkalla Asker-kretsen omkring Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag. Eit lite og skiftande miljø bygde herfrå opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine. Berre kilometer unna den parallelle Lysaker-kretsen, omkring mannsidolet og polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.

Kommentar ved historikar og forfattar Bodil Stenseth som i 1993 gav ut boka Lysakerkretsen.  En norsk elite 1890–1940.

Velkomen!

 

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.