25

april

Boklansering: "..angen frå vår stutte tid. Ein studie i Tarjei Vesaas' forfattarskap"

Kl. 14–16 i Slottsbiblioteket

Boklansering:
«..angen frå vår stutte tid. Ein studie i Tarjei Vesaas’ forfattarskap»

Tarjei Vesaas er ein av dei fremste forfattarane i norsk og nordisk litteratur på 1900-talet. Steinar Gimnes har skrive den første studien i seinare tid som gir ei samla framstelling av dette sentrale forfattarskapet. Gimnes tek for seg eit stort utval av romanane, novellene og dikta som Vesaas har forfatta, studerer tekstane ut frå historiske, estetiske og litterære perspektiv og nyttar blant anna utkast og forarbeid. Boka er gitt ut av Akademika forlag. Nasjonalbiblioteket presenterer delar av si eiga samling av Vesaas-manuskript under lanseringa.

 

Program:
Steinar Gimnes (NTNU) saman med Olav Vesaas: «…angen frå vår stutte tid. Ei studie i Tarjei Vesaas forfattarskap»
Bente Granrud og Mette Witting (Nasjonalbiblioteket): Presentasjon av Vesaas-manuskript i samlinga til Nasjonalbiblioteket
Pause
Rakel Christina Granaas (Universitets- og høgskolerådet): «Det grensesprengende Vesaas-barnet»
Eirik Vassenden (Høgskolen i Bergen): «Inn i og ut av Det store spelet. Litt om Vesaas’ vitalisme(r)»

Les meir om boka

Påmelding til jonarild.olsen@nb.no  innan tysdag 23. april

 

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.