22

nov

Utstilling: Komponisten Gunnar Sønstevold

Gunnar Sønstevold (1912-1991)
Fotograf: ukjent

Utstilling i Mediateket

Komponisten Gunnar Sønstevold – Musikkillustratøren, inspiratoren og modernisten

Den 26. november i år ville Gunnar Sønstevold ha fylt 100 år. Som jazzpianist i Funny Boys, filmkomponist og føregangsmann for samtidsmusikken i Noreg, kunne Gunnar Sønstevold vise til eit allsidig virke. Han var oppteken av kvalitet i musikken både for profesjonelle og amatørar. Sønstevold studerte 12-tonekomposisjon i Wien og var ein av dei første her til lands som eksperimenterte med elektroniske verkemiddel i musikk. Dels åleine, og dels saman med kona si, Maj Sønstevold, fekk han ein sentral posisjon innanfor musikk i norsk film, radio og fjernsyn.

Utstillinga vil vise breidda i virkefelta til Gunnar Sønstevold og inneheld både kjent og ukjent materiale frå Nasjonalbiblioteket si samling. Dei velkjende tonane til radioteateret Dickie Dick Dickens, musikken i filmen De dødes tjern eller framføringa av Litani i Atlanta, er delar av utvalet du kan sjå eller lytte til.

Utstillinga er open ut året: kvardagar 09-15.30, torsdag 09-19 og laurdag 09-14.
Opningstider i romjula: Torsdag 27. og fredag 28. desember: 10-15.
Julaftan, nyttårsaftan og laurdag i romjula: stengt

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.