Skjønnhet og scene, kvalitet og komikk: Per Aabel-seminar
28. februar 2014
Av: Signe Nyhuus-Eriksen
 

Per Aabels nieser Marit og Astrid Aabel, Anne Aabel Næsghute og Ellen Aabel Nyquist har gjeve arkivet etter Per Aabel i gave til Nasjonalbiblioteket. Onsdag 26. februar blei dette markera med eit seminar. ­

– Per Aabels arkiv er ein viktig inngang til teatermiljøet på 1900-talet. Nasjonalbiblioteket vil bevare og formidle denne gava som ein del av vår felles kulturarv, sa nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein under åpninga av seminaret.

Arkivet består av mellom anna teaterprogram, rollehefter, bilder, korrespondanse og teikningar. Marit Aabel fortalte om sin onkel Per og arkivet, og Astrid Aabel, framførte Grukkedalsvisa til stor begeistring fra salen.   

Teatersjef Ellen Horn fortalte om sine opplevingar med Per Aabel og om korleis det var å vera hans teatersjef ved Nationaltheatret. Hennar fyrste oppdrag som sjef ved teatret var å halde tale ved hans 90-årsdag. Horn trakk fram hans språkkjensle og rytme. Han var ein meister i augneblinkens kunst.

Forskningsbibliotekar Benedikte Berntzen fortalte om og visa fram smakebitar frå Aabels arkiv: Digitaliserte bøker, skisser, avisutklipp, plakatar, handskrifter m.m. Nå er arkivet samla, emballert og tilgjengeleg for publikum.

I pausa fekk seminardeltakarane moglegheit til å sjå materiale frå Aabels arkiv.

Etter pausa visa forskningsbibliotekar Bent Kvalvik filmklipp og fortalte om Per Aabels filmroller. Hans fyrste filmrolle var i ein reklamefilm frå 1938, seinare spela han i filmar som Forandring fryder, Kjærlighet og vennskap, Den farlige leken, En herre med bart, Et spøkelse forelsker seg og Brudebuketten.

Skodespelar og dramalektor Maja-Lise Rønneberg Rygg fortalte om Aabel som skodespelar. Som 10-åring såg ho Per Aabel i Karusell, og seinare blei det mange opplevingar med han på scena. Rygg trakk særleg fram hans roller i Tartuffe og Jeppe på Bjerget. Aabel var ein kunstnar. Han gjorde nøye førearbeid før kvar forestilling og bruka mykje tid for å få det til å sjå tilfeldig og enkelt ut. Han turnera og sjarmerte. Per Aabel blei heile folkets eige.

Sceneinstruktør og dramatikar Barthold Halle fortalte om sine opplevingar som Aabels instruktør. Per Aabel lika ikkje å få instruksjon når det var fleire tilstades. Han var ein perfeksjonist som kun ville gje publikum det aller beste. Aabel hadde ein sterk lyst og evne til å fange publikum og til å halde dei interesserte. Per Aabel var ein stor kunstnar med ein fantasi som aldri stoppa. Hans medkjensle og innlevingsevne var eineståande.

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.