Seminar i Nasjonalbiblioteket: Ut i verda. Kjartan Fløgstad 70 år

Kjartan Fløgstad fyller 70 år, og Nasjonalbiblioteket tjuvstartar feiringa med eit seminar om forfattarskapen hans, onsdag 14. mai. To av dei som skal halde føredrag, er Dag Solstad og Marit Eikemo. Jubilanten får dessutan presentert resultatet av jakta på den ultimate fløgstadske setninga.

Kjartan Fløgstad er ein av dei viktigaste forfattarane våre, og ein av dei få som har skildra brytingane mellom industrikultur, marknadsliberalisme og informasjonssamfunn. Gjennom skjønnlitteraturen og sakprosaen sin har han skrive Noreg inn i verda, og verda inn i Noreg.

Sidan han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, har Fløgstad skrive et førtitals bøker. Nasjonalbiblioteket har digitalisert heile forfattarskapen hans , og nytta moderne digitale verktøy i jakta på den ultimate fløgstadske setninga. Sjå også den kronologiske oversikta over Fløgstads forfattarskap som ein kan lesa i Det digitale Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket har i tillegg laga ei plakatutstilling om forfattarskapen til Fløgstad. Plakatane vert tilbodne gratis til alle folkebibliotek, fag- og forskingsbibliotek i landet som ønskjer å setje fokus på Fløgstad i høve 70-årsdagen hans 7. juni.

Seminar: Ut i verda. Kjartan Fløgstad 70 år
Stad: Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, Oslo
Tid: Onsdag 14. mai kl. 12.00–15.15

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.