Nytt Wergeland-manuskript
24. april 2014
Av: Sigbjørn Grindheim
 

Nasjonalbiblioteket fekk nyleg som gåve eit manuskript av Henrik Wergeland. Det har tittelen Claus Ferdinand Tønder. Artillerikapitain. Dette er eit minnedikt, skrive etter at Tønder døydde 30. mars 1844 og trykt i Morgenbladet 4. april same året.

To andre manuskript til diktet eksisterer, eitt i Gunnerus-biblioteket i Trondheim, det inneheld nokre variantar i forhold til det trykte. Det andre manuskriptet hadde Nasjonalbiblioteket frå før, det er identisk med den trykte versjonen. Manuskriptet vi nå har fått, er ei reinskrift med dedikasjon til «den Henfarnes trofaste Viv, Emilie, fød Smith fra Henr. Wergeland». Elles er det identisk med det trykte.

Karl Johan døydde tre veker før Tønder, det er dette som vert fortalt i første strofe av diktet:

Carl Johan ei venter længe
paa de hvide
Stjerne-Enge
før han faar en Helt ved Side

Og helten er Tønder. Han vart fødd i 1784, var son av ein sjøoffiser og valde sjølv ein militær karrière som enda med stillinga som virkelig kaptein og sjef for akershusiske gevorbne kompani under 2. artillerikorps frå 1819 til 1830. I august 1814 var Tønder premierløytnant og artillerikommandør på Fredriksten festning i Halden og utmerka seg med stor djervskap. Festninga var kringsett av svenske troppar, og både den og byen var under sterkt bombardement. Fleire gonger kom det svenske forhandlarar og forlangte at kommandanten i samsvar med Kiel-traktaten skulle overgje festninga. Dette blei avslått, og dei svenske troppane greidde  ikkje å innta festninga. Det vert fortalt at éin av gongene den svenske forhandlaren forlangte kapitulasjon, svarte festningskommandanten Johan Ohme: «Jeg er en udlevet Mand og maa alligevel snart dø; - Hr. Lieutnant Tønder! behag at fortsætte Skydningen. Først da Karl Johans og Christian Fredriks adjutantar kom natta mellom 15. og 16. august med melding om konvensjonen i Moss, blei festningen opna for dei svenske troppane.

Dette er bakgrunnen for at Wergeland skriv om Tønder:

O dengang Hans Øine brændte
som hans Klinge,
som den tændte
Lunte, Han i Haand mon svinge!

Det er sannsynlig at den unge Henrik har kjent til eller kanskje også møtt Tønder då han budde hos onkelen sin, generalmajor Benoni d’Aubert, på Akershus festning frå juni 1819 til august 1821.

I slutten av fjerde strofe av Ja vi elsker, viser Bjørnson til Karl 12s beleiring i 1716: «thi vi heller Landet brændte,/ end det kom til Fald;/husker bare, hvad som hændte/ned paa Fredrikshald!». I august 1814 var det ein liknande situasjon, i svaret sitt til Karl Johans krav om at borgarane skulle overgje byen, uttalte dei at dei hadde brent byen før, og at dei no også kunne gjere det -  heller enn å overgje byen. Så langt gjekk det ikkje denne gongen på grunn av våpenstillstanden, men delar av byen brant då dei svenske troppane skaut brannbomber. Det kan vere at Bjørnson i tillegg har hatt denne episoden, som låg han nærmere i tid, i tankane då han skreiv desse linjene i Ja vi elsker.

Les trykt tekst av diktet

På nb.no er det tilgang til bilete av mange andre manuskript og brev av Henrik Wergeland

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.