Nasjonalbiblioteket legg ut historiske radioprogram på nettet

Over 2 700 radioprogram frå tidsrommet 1933–1945 og meir enn 25 000 nyhendesendingar frå 1935–2013 er lagde ut på nettet. Ein avtale mellom NRK og Nasjonalbiblioteket er bakgrunnen for at materialet no er tilgjengeleg for strøyming på nb.no.

Bileta er henta frå Nasjonalbiblioteket si samling.

– Radioprogramma ein har lagt ut, er frå ein særs interessant historisk periode, seier konstituert nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold. – Programma er viktige både som grunnlag for forsking, og som kjelde til informasjon og oppleving for ei interessert ålmente, påpeikar han.

Göring og Dimitrov som kranglar under rettssaka etter riksdagsbrannen i Berlin i 1933, reportasjar frå dei Olympiske vinterleikane i Tyskland i 1936, nyhendesendinga som førte til mobilisering 9. april 1940, talen som Kong Haakon heldt til det norske folk julaftan 1943, rettssaka mot Quisling og krigsforbrytarprosessen i Nürnberg. Dette er noko av det du kan høyre med eigne øyre i radioprogramma som no er blitt gjort tilgjengelege.

Avtalen som vart inngått mellom NRK og Nasjonalbiblioteket i februar 2013, inneber at alle radioprogram som NRK har rettane til, kan leggjast ut på internett via nb.no.

– Det er ein tidkrevjande prosess å gå gjennom og leggje ut dette materialet, men vi held fram arbeidet med å gjere endå fleire radioprogram tilgjengelege på nb.no, fortel Roger Jøsevold.

 

Slik høyrer du dei historiske radioprogramma:

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.