Finn kvinnesaka i Nasjonalbiblioteket si samling

Nasjonalbiblioteket markerer Stemmerettsjubileet 2013 og kvinnedagen med lansering av ei ny ressursside. 

Plakat av Valentina Kulagina for den internasjonale arbeiderkvinnedagen, eller kvinnedagen, viser ein kvinneleg tekstilarbeidar som betjener sneller. Valentina Kulagina 1902–1987 | Eier: Nasjonalbiblioteket i St. Petersburg.

På ressursida finn du inngangar til relevant materiale i Nasjonalbiblioteket si samling om kvinnesaksforkjemparar og kampen for allmenn stemmerett i Noreg. I 2013 og i åra framover vil sida fyllast med stadig fleire bøker, bilete, tidsskrift, aviser, brev, opprop og mykje meir. Det er mykje som enno ikkje er digitalisert, og det er derfor meir materiale å finne om du tek direkte kontakt med Nasjonalbiblioteket. Til ressurssida.

Korleis har jenter blitt framstilt?

Nasjonalbiblioteket har ei stor samling av bokillustrasjonar. Bokillustrasjonar er ein god indikasjon på korleis jenter har blitt framstilt til ulike tider.I monteren på Spesiallesesalen blir det i anledning kvinnedagen stilt ut to bokillustrasjonar: Hilde Kramer: Jentenes historie, 2005, (Tyskertøsens barn) av Kristina Lindström. Og Svein Nyhus: Snill, 2002, av Gro Dahle (om ei jente som bryt ut av rolla si).

Likestilling i russisk plakatkunst

I Propaganda-utstillinga som vert vist i Nasjonalbiblioteket fram til 25. mai er det fleire plakatar som visualiserar idealet om likestilling i eit revolusjonært samfunn. Plakaten til høgre av Valentina Kulaginas for den internasjonale arbeiderkvinnedagen er eit døme på ein slik plakat. Om du er på Facebook, kan du sjå fleire plakatar i denne kategorien på Nasjonalbiblioteket si side der

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.