Det Norske Teatret 100 år
06. oktober 2013
Av: Trine Næss
 

6. oktober er det hundre år sidan Det Norske Teatret sette opp si første førestelling i hovudstaden. At Jeppe på Bjerget blei spelt i nynorsk språkdrakt sette sinna i kok hos mange, og det enda med pipekonsert og tumultar utanfor teateret. I dag møter publikum skodespelarar som bruker sin eigen språklege bakgrunn saman med nynorsk. Resultatet er eit dialektnært scenespråk i pakt med teateret sine tradisjonar.

Den 22. november 1912 blei Det Norske Teatret formelt stifta med målsettinga: «å syne fram skodespel på norsk mål i norske byar og bygder». Da var allereie grunnen for verksemda lagt gjennom turneane Hulda Garborg gjorde med Det Norske Spellaget.

I januar 1913 hadde Det Norske Teatret si første førestelling med Ivar Aasens «Ervingen» . Det var  i Kristiansand. Den første framsyninga i hovudstaden skjedde den 6. oktober 1913. Teatret hadde da fått sitt faste lokale i Bøndernes Hus i  Rosenkrantzgata. Det var Ludvig Holbergs «Jeppe på Bjerget» som blei oppført, i Arne Garborgs nynorske språkdrakt.  Det blei opphav til store tumultar. Riksmålsgymnasiastar o.a. protesterte mot «Jeppe på maulet». Dei møtte opp i teatret utstyrt med mange slags instrument eigna til å lage mest mogleg støy, og blei møtt med «motangrep» frå Bondeungdommen med ein orkan av hylling. Etter kvart utarta kampen også til slagsmål. Dette var ikkje noko nytt. Pipekonsertar med slagsmål var nærmast «tradisjon» i norsk teater sidan Wergelands og Bjørnsons dagar.

I det nøkterne lokalet i Bøndernes Hus starta Det norske Teatret å byggje opp repertoaret sitt. Tidleg peikte det seg ut tre hovudlinjer: Den realistiske folke- og bondelivsskildrande dramatikken i kvardagsmiljø, folkekomediane med sin dels realistiske, dels karikerande folkelivsskildring, og den nasjonalromantiske segn-, saga og eventyrinspirerte dramatikken.

Men etter kvart auka ambisjonane. Teatret gjorde «spranget over skigarden» og tok også til å setje både klassikarar og moderne utanlandsk dramatikk på repertoaret. Takka vere dyktige instruktørar og skodespelarar og  – ikkje minst – scenografen Arne Walentin, gjorde Det Norske Teatret store kunstnarlege framsteg, med ambisjon om å bli det andre nasjonalteateret i hovudstaden.

Denne utviklinga kulminerte da Det Norske Teatret for første gang fekk løyve til å oppføre eit Ibsen-skodespel. Det var «intet mindre» enn Peer Gynt på nynorsk – ei oppføring som sjølvsagt vekte stor diskusjon.

Frå tidlig av hadde Det Norske Teatret planar om å få sitt eige nybygg. I 1940 flytta det frå Bøndernes Hus, hadde under krigen mellombels lokale på St. Olavs plass, og frå 1945 til 1985 heldt teateret til i det såkalla Casino i Stortingsgata, heilt til det hausten 1985 kunne flytte inn i det store, moderne nybygget sitt i Kristian IVs gate.

Det Norske Teatret i bokhylla.no

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.